Skip to main content

Med baby i Marokko

  • Linda Veberg Søgnen

Reisedagbok og tips fra baby-Ainas tur til Marokko.

 

Fredag
Etter å ha vore i bursdagsselskap reiste eg og mamma sammen med bestemor til Bergen. Marit (veninna til bestemor) og Kent Hugo (sønnen hennar) var også med. Eg sov nesten heile turen, bortsett frå då vi tok ferje og ein gong då mamma vekkte meg for vi skulle ete litt mat. I Bergen overnatta vi hos nokon som Marit kjente, og dei var kjempesnille for dei hadde mange leika hos seg. Det var nesten midt på natta, så sjølv om eg hadde sove på heile bilturen så tok det ikkje så lang tid før eg sovna.

 

Lørdag
Mamma hadde satt vekkerklokka på 6.30, men eg ville opp ein time før. Mamma sa at det gjorde ingenting for då fekk vi god tid på å gjere oss klare. Men sjølv om vi hadde så god tid, så var vi 4 voksne personar og ein liten baby som kom stressandes inn på flyplassen for å nå innsjekkinga :) Mamma sendte vogna mi sammen med all bagasjen, så då fekk eg sitte i bæresele på magen hennar inne på flyplassen.

Flyturen gjekk veldig fint. Mamma var så redd for at eg skulle få vondt i øyrene mine, så ho gjorde alt for å hindre det. Først smurte ho litt babyolje ytterst i øyret mitt, også måtte eg få noko ekkelt inn i nasa mi (nasedråper heitte det visst). Men det beste var at eg fikk melk av mamma då vi skulle til å fly oppi lufta, og når eg ikkje ville ha meir så fekk eg smokken min. Gjett om eg kosa meg!

Vi satt nesten heilt fremst i flyet, sidan eg var med sa mamma. For ho hadde sagt til reisefolka då vi bestillte reisa at eg var baby, også hadde vi eit ledig sete ved sidan av mamma og bestemor sitt - så det fekk eg ligge og sove i. Eg sov to gonger oppe i lufta, og mamma amma meg i søvn begge gongane - den luringen. Eg blei litt lei iblandt, og då fekk eg frukt og kjeks/kavring. Det var iallfall godt, mamma hadde også med mange spennande leikar. Mamma sa at eg hadde vore flink på flyturen, for det var ikkje så ofte eg kjeda meg og var lei. Eg fekk også ein liten koffert med juice, sjokoladekjeks og tegnesaker - men mamma tok den og eg veit ikkje kor den blei av. Eg som godt kunne ha tenkt meg å finne ut korleis tegneblyanter smaker! Eg fekk også nestlèmat - men sidan eg ikkje har begynt å få så mykje middag, så smakte eg berre litt på desserten.

På flyplassen i Marokko var det jammen kjedelig! Før vi kunne hente all bagasjen våras, så måtte vi gjennom ein langdrygt passkontroll. Dei er visst veldig strenge med sånt der nede i Afrika. Mamma stakkars fekk litt vondt i ryggen av å måtte ha meg i bæreselen så lenge - for vi stod der i sikkert over 1 time! Heldigvis var det ein mann foran meg som hadde ein spennande nøkkelring på sekken sin, også fekk eg ein kavring - så eg hadde det egentlig fint, eg. Men det var kjempegodt å komme seg ut av køa, og oppi vogna. Det var ikkje lange trilleturen eg fekk, for uttafor flyplassen stod bussen vår. Eg måtte vere med bestemor inni bussen, for mamma villle vere sikker på at vogna mi kom med. Ho måtte legge den heilt i sammen, for bagasjerommet var stappfullt av anna bagasje.

På bussturen fekk eg meir mat av mamma, og så fekk eg leike med glidelåsen på bestemor si veske og med gardina. Eg kunne ikkje sjå så mykje ut av glaset, for det var jo så sterk og varm sol uttafor.

Eg trur mamma var litt misfornøgd med hotellet (Talborjt), sjølv om ho på forhånd visste at det ikkje var eit av dei barnevennlige hotella. Hotellet hadde ikkje uteområde, vi kom rett ut på gata når vi gjekk ut. For å komme inn og ut av hotellet måtte vi opp og ned mange trapper, så mamma måtte alltid ha hjelp til dette (heldigvis stod det ofte ein snill hotellmann der som hjalp oss). Heisen var jo bitteliten, mamma måtte passe på at eg var våken når vi skulle inn i den - for seteryggen måtte settast heilt opp, og handtaket (som er regulerbart) måtte stå rett opp. Og då var det såvidt plass til at ho kunne snike seg inn ved sidan av vogna mi. Eg trur eg hadde fått mi eiga voksen seng på rommet, for der var nemlig tre store senger. Mamma og bestemor måtte ha sine senger ihop for at vi skulle få plass til vogna mi. Det var den eg sov i om natta (óg om dagen).

Vi fekk ikkje slappe av så lenge før vi måtte ut igjen. Då skulle vi på eit info. møte med Star Tour folka. Vi måtte ta buss for å komme dit, og heldigvis slapp mamma å legge vogna mi ihop denne gangen, for no var det jo tomt med bagasje i bussen. Etter møtet var nesten alle dei reisande med på ein felles middag på restaurant La Pampa. Vi måtte gå dit, og då fann mamma ut at fortauskantane i Agadir er mykje høgare enn fortauskantane heime i Norge. Ho måtte ha hjelp til vogna mi mange gonger på den lille spaserturen (og mykje meir hjelp måtte ho ha i løpet av ferien vår!). Mamma hadde visstnok ikkje fått så godt inntrykk av Agadir så langt (men det kom seg heldigvis). Eg var nok litt umulig med mamma då ho skulle ete, for eg ville jo skrike litt. Bestemor og Marit gjekk tur med meg nokre gonger, men det var ikkje godt nok for meg må du tru! Eg trur mamma var litt glad då eg bestemte meg for å sove litt, men eg kvapp litt då det var nokre artista der - for det var ein gutt der som klappa og ropte "Hai!", nesten ved sidan av vogna mi.

Resten av kvelden gjekk stort sett fint. Eg var heilt utslitt då eg la meg til å sove for natta.

Søndag
Dette var ein kjempefin dag, og også den varmaste (med sine 35 grader). Eg våkna til vanlig tid (kl. 7 norsk tid, kl. 6 lokal tid). I løpet av natta hadde eg såvidt høyrt ein prestemann rope eit par gonger. Det gjorde han om dagen også men då høyrte vi det ikkje så godt sidan det var masse anna bråk då også.

Eg var litt redd for å vere aleine med bestemor, då mamma stellte seg på badet (men det ga seg etter kvart, for ho var jo ikkje så skummel likevel). Eg fekk melk og graut av mamma på rommet, for mamma hadde med seg ein vannkokar (ellers måtte ho ha gått ned i resepsjonen for å koke vatn). Mens eg fekk graut satt eg på fanget til mamma.

Nå mamma hadde stelt meg gjekk vi alle tre ned til restauranten, der dei serverte frukost. Eg satt i vogna mi, sidan dei ikkje hadde barnestoler der. Mamma syntest at personalservicen (vanskelig ord..) var veldig bra. For dei to hotellmannane som jobba der kom med all frukosten til dei (mamma og bestemor altså). Dei fekk ei lita skål med smør og ei lita skål med syltetøy kvar, ein teabirks kvar og ein kurv med kvitt restaurantbrød + juice, kaffi eller te. Mamma hadde med seg litt frukt som eg fekk, også smakte eg litt på brødet deira. Hotellfolka var veldig morsomme og tulla mykje med meg :)

Etterpå gjekk vi ned til stranda, det var ein passelig spasertur. Der betalte mamma for solsenger til oss under ein parasoll, som eg og mamma holdt oss under (sidan sola var så varm og sterk). Mamma ville ikkje ha meg så mykje i sola, sidan eg var så lita. Ho smurte meg godt inn med solkrem, og eg hadde alltid på meg tynn bukse og langarma body. Sidan det var så varmt og fordi det var så mykje å sjå på, blei eg veldig sliten og sov mykje lenger enn eg pleidde heime i kalde Norge. Då fekk mamma legge seg ut i sola, mens eg låg i vogna mi under parasollen. Eg måtte også få melk av mamma dobbelt så mange gonger som heime, men det gjorde jo ikkje meg noko iallfall. Stranda som vi låg på var "inngjerda" med eit tau, fordi det var så mange selgere rundt omkring - og dei fekk ikkje komme innom tauet. Når vi var uttafor gjerdet var vi "fritt villt" som mamma sa. Ho fekk seg to tøffe Henna tatoveringer (ei rundt overarmen, og ein skorpion på leggen), men eg var litt for liten til den slags. Også var det ein dromedar som gjekk rundt omkring på stranda, mamma turte ikkje å la meg ri på den, men eg fekk sitte på den littegrann.

 

Mandag
Eg, mamma og bestemor gjekk for oss sjølv idag, for Marit var litt sjuk. Vi leitte etter (og fann til slutt) servicesenteret til Star Tour, og etterpå fann vi ei anna strand som vi låg på. Men her var det litt meir vind, og eg og mamma satt i skyggen (der det var litt kjølig for oss tynnkledde) så mamma var litt redd for øyrene mine (sjølv om eg hadde lue på meg). Til no så syntest mamma at eg hadde vore kjempesnill, og det var jo bra - for eg ville jo vere snill, eg. Når vi hadde sola oss, åt vi litt mat på strandrestauranten før vi gjekk tilbake til hotellet (då hadde heldigvis Marit blitt bra igjen).




Tirsdag
I dag var bestemor og Marit på ein dagstur. Vi var ikkje med for det skulle visst ikkje vere så enkelt å komme seg fram med barnevogn der. Derfor var eg og mamma på hotellet idag, Kent Hugo var ein liten tur innom oss også - men han var visst mest på stranda. Vi syntest det var fint med ein avslapningsdag, men vi blei litt lei av kvarandre også. Vi kosa oss med frukosten og brukte god tid, ellers var vi stort sett på rommet vårt og i gangen/ fellesstua iblandt. Ute på altanen var det litt for heitt for meg, og den var litt skitten så mamma ville ikkje at eg skulle krype rundt på den (for eg blei nemlig mykje flinkare til å krype då vi var i Afrika!).

Hotellfolka er veldig glad i meg, i dag fekk eg til og med ein nuss på kjaken, heldigvis gjekk han sin veg rett etterpå for eg var litt skeptisk til han. Mamma fann ut at det var ikkje så lurt å ha ein pose med kavringer i skapet, for den blei litt full med maur. Heldigvis hadde ho eit lite lager oppi ein liten boks også.




Onsdag
Mamma er blitt så overlegen her nede. For overalt der vi går så er det folk som vil prate med oss, mamma seier at dei vil selge oss ting. Dei roper etter oss, og nokre gonger følger dei etter oss litt også - eg synest at det berre er morsomt, eg. For viss dei ikkje får kontakt med mamma, så roper dei til meg :) Mamma handla mest på supermarkedet i Agadir, for det var ein av dei få plassane i den delen av byen der ho slapp å prute. Det som var litt dumt med den butikken, var at eg ikkje fekk lov til å vere med inn!! For det første så var det mange trapper opp til den, og for det andre så var det alt for trangt til vogna mi der inne. Kjedelig..

I dag sov eg leenge, heilt til kl. var 7 (lokal tid) - då vart mamma glad. Vi var på stranda igjen i dag, det var godt med litt action igjen etter ein rolig dag i går. Eg fekk leike på nokre av leikestativa der nede, men mamma måtte jo holde meg då. Det var kald vind på stranda, så mamma kledde på meg ekstra klede. Ho blei litt irritert på to svenske jenter inne på hotellet - for dei sa til kvarandre at det var synd på meg som hadde på meg så mykje klede (genser og bukse), men då sa mamma til dei at det var faktisk kald vind ute. Dei hadde kanskje ikkje vore ute og kjent på temperaturen, for dei sa berre at det var no sol ute likevel. Men eg satt jo litt inni vogna mi, og der var det skygge og litt kaldt! Dei visste jo ingenting..

Om kvelden gjekk vi ein tur opp til den marokkanske delen av byen, der likte dei voksne seg - for der var det ingen selgere som masa på dei. Ei forbipasserande jente kom bort og tok meg i handa, og veninna hennar klappa meg på kjaken - eg blei jo heilt forvirra. Men det er jo moro at det er så mange som likar sånne babyer som meg. Då det var leggetid for meg (20.30), var vi på ein restaurant - så eg var snill og la meg sånn at mamma fekk ete maten sin ifred. Eg våkna ikkje før vi kom tilbake til hotellet, der fekk eg litt melk og graut - før mamma ville ha meg til å sove igjen (og til slutt lyktes ho).



Torsdag
I dag har vi vore litt på shopping i den marokkanske delen (sidan det var litt disigt vær), mamma har jo nesten ikkje brukt nokon av pengane sine! Eg fekk meg ein kjempefin hundebamse som sang ein fin sang. Litt fint å ikkje måtte vere på stranda kvar dag. Men eg, mamma og bestemor tok oss ein liten tur nedom. Der var det litt kjølig og sandfull vind, så det var ikkje så moro å vere der.

Det blir litt rart å komme heim igjen, for der er det jo ganske stille rundt oss. Her er det ein jevn dur av biler, folk, tuting og bråkete mopeder heile dagen og kvelden + at han prestemannen bèr 5 gonger i døgnet. Og heime der er det 0 grader no! BRRrrr.

Det er mange som prøver å få kontakt med meg her iallfall. Mamma er så glad for at eg ikkje er så redd lenger (for det var eg ganske mykje for nokre veker sidan). Men alle dei rare folka her nede prøver å få meg til å smile, dummingane. Eg berre ser heilt alvorlig på dei, eller så snur eg meg berre vekk. Det er best å sjå på mammaen min!




Fredag
Siste dagen vår i Afrika tilbragte vi på stranda. Lenge til neste gong vi får oppleve sånne solrike og varme dager. Men det skal jammen bli godt å komme heim igjen til pappa. Savner han litt..



Lørdag
Så var avreisedagen komt, flyet gjekk ikkje før kl. 13, så vi hadde heldigvis litt god tid på oss om morningen. Vogna kom så vidt med i bagasjerommet til bussen denne gongen også. Når vi kom ut av bussen skulle vi skynde oss fram til innsjekkingsskranken, sånn at vi slapp å stå i lang kø. Men kva hjalp vel det når bestemor hadde gløymt igjen ein koffert ved bussen, hi hi. Men det hadde jo ingen hast, for det forsatt lenge til flyet skulle gå. Først stod vi i kø ved innsjekkinga, og så stod vi i kø når vi måtte gjennom ein passkontroll.Heldigvis fekk vi ha vogna med oss heilt ut på flyplassen denne gongen, då fekk eg nemlig røre litt meir på meg enn eg hadde kunna gjort i ein bæresele. Etter å ha stått ei stund i den siste køa, kom ein snill flyplassmann og sa at vi kunne berre gå foran heile køa - det var jammen moro, fint at eg var så liten eller så er det ikkje sikkert at vi hadde fått lov til det.

Vi hadde god tid til å gå i tax free butikken (som mamma kalla den). Og der fekk eg meg ein sauebamse, som spillte musikk når vi vrei på ein skrue - den var jammen fin! Då vi skulle ut i flyet var det ei dame som sa til dei andre at vi måtte få komme først ut av døra sidan eg satt i barnevogn - så då skynda vi oss bort til det store flyet og overlot vogna mi til ein flyplassmann. På flyplassen i Bergen hadde vi fått eit par poser til å uttapå vogna - men det hadde dei ikkje på flyplassen i Marokko. Mamma hadde ikkje blitt fortalt at ho burde spare på dei før vi skulle ta bussen til flyplassen idag! Men den kom no fram til Bergen like heil, og flyturen gjekk fint. Denne gongen satt vi på det fremste setet i flyet, og vi hadde forsatt eit ledig sete. Men sidan vi satt heilt framme, så gjekk det ikkje an å ta opp dei armlena som var mellom seta og då var det heller ikkje så godt å ligge å sove i setet. Derfor var eg så heldig at fekk eg ligge i mamma sitt fang, etter å ha få meg nokon gode slurker melk. Også denne gongen fekk eg nestlèmat, og der var ikkje få glas eg fekk heller! Flydama ga oss mange glas, fordi det ikkje var så mange andre unga som ville ha sin mat - og då fekk vi deira glas òg. Dei skal bli gode å smake på når vi kjem heim.

Når vi kom til Bergen måtte vi skynde oss litt, for vi skulle nå den siste ferja heim - for eg ville jo til pappaen min! Vi klarte det såvidt - og eg trur vi køyrte litt for fort, men kva gjorde vel det når vi berre kom oss heim. Eg var snill og sov på heile turen, bortsett frå då vi skulle ta ferja - for det måtte eg jo ha med meg.

Det var jammen godt å sjå pappa igjen. Mamma lurte på om eg kom til å kjenne han igjen etter å ha vore vekke i ei heil veke - men det var jo klart eg gjorde!

Borte bra, men hjemme best.



Utstyrsliste:

Stell

Bleier Det solgte dei i Agadir også, men mamma ville vere på den sikre sida. Ho hadde høyrt om nokon som ikkje hadde vore fornøgd med bleiene dei hadde kjøpt i syden.
Plastposer Gode å ha til skitne bleier på turen, i tilfelle bosskorgene var langt unna.
Våtservietter Mamma vaska meg med våservietter, istaden for med klut og vatn. Det var også greitt å ha med seg når vi åt mat ute - og eg måtte vaskast.
Solkrem Mamma kjøpte solkrem med solfaktor 30 til meg.
Fuktighetskrem For å smørre huda mi viss den blei tørr
Zink salve Var godt å ha i tilfelle eg skulle bli sår
Tannbørste og
tannkrem
Måtte jo pusse mine to små tenner



Soving

Smokk + lenke Det trengte eg når eg skulle sove iallfall!
Dyne/teppe Vi hadde med oss ei tynn dyne, men den brukte eg berre om natta. Det var best med eit tynt teppe



Mat

Graut Eg fekk graut til kvelds og frukost. Middag hadde eg berre såvidt begynt med, så det tok vi ikkje ked oss.
Smikke Så eg ikkje skulle grise på meg.
Pappskåler Så slapp vi å vaske opp fata i vatnet som vi ikkje hadde.
Skeier Hadde nokre i plast, og nokre vanlige.
Tutekopp Som eg drakk vatn frå. Mamma kokte vatn som ho hadde kjøpt på flaske. Dette fekk eg drikke, brukte ho det i grauten min også.
Flaske/Tutekopp
m. vatn
Til å ha på, turen.
Kavring/kjeks/frukt Snacks på reisa i tilfelle humøret daler. Godt å ha i Agadir også for mamma var litt pysete og var forsiktig med kva slags mat eg fekk ete.



Klede

Solhatter Mamma hadde mange med seg, men eg brukte mest ein med litt skjerm på (for sola), og som dekkte øyra (for det var mykje vind til tider).
2 langarma bodyer Kunne kanskje ha trengt eit par til, for eg brukte ikkje dei kortarma som eg hadde med. Langarma beskytta den lille kroppen min mest for sola.
2 kortarma bodyer Som eg ikkje fekk brukt, mamma hadde jo berre på meg langarma. Men det gjorde ingenting, for det var ikkje alltid like varmt.
2 par sokker Når vi var ute om dagen brukte eg som oftast ikkje sokker, men viss det var litt kaldt i lufta og om kvelden så var det godt å vere varm på føtene.
2 gensere Det var godt å ha om kveldane iallfall!
1 bukse (i tillegg til den eg hadde på meg), kunne nok ha trengt ei til sidan eg alltid hadde på meg bukse.
Tynn utedress Som berre blei brukt på flyplassen i Bergen, og reisa til/frå heime



Diverse

Passet mitt! Veldig viktig! Eg måtte jo ha mitt eige pass - det var litt morsomt.
Leiker Eg hadde bla. eit lite fotoalbum med bilde av pappa inni (måtte jo ikkje gløyme han!), oppblåsbar bamse (tok liten plass i kofferten) m.m.
Solbriller Dei brukte eg berre ein gong, såvidt :)
Bøker Hadde med meg 3 bøker, men vi las berre ei av dei - kvar kveld når det var leggetid.
Bæresele Godt å ha på flyplassen, så mamma slapp å bære på meg så lenge.
Vogn m. regn- og myggnett Brukte vogna heile døgnet, men ikkje nokon av netta.
Parasoll til vogna Var god å ha når sola skein på meg.
Fotoapparat Er eit "must" når ein er i syden.



Apotek

Temperaturmåler For å sjekke evt. feber.
Panodil Febernedsettande
Nasespray For å løyse opp i nasa, i tilfelle den var tett i flyet,
Pyrisept Rensing av evt. sår.
Q - tips Kan brukast til så mangt.
Reisepakke m. plaster Godt å ha.
Heldigvis blei eg ikkje sjuk eller blei skada, så eg slapp å bruke noko av dette :)

 

Viktig å tenke på: Ha med viktige ting i håndbagasjen, for tenk om resten av bagasjen forsvann under frakten! (Td. litt proviant, reiseapotek, penger, pass, tørkepapir, klesbytte, stellesaker).